Over 200 sende inn videoar til sang-opprop!
I kjølvatnet av at ordet "sang" er fjerna frå ny overordna læreplan, har vi opplevd eit historisk engasjement for å sikre at barn og unge får synge meir i skulen. Medie-Norge kokte av innlegg om saka, og politikarar, artistar og 21 sang- og musikkorganisasjonar samla seg til opprop.
Prosjektet "Den stemmen jeg har" - er ein videocollage av fine ord, historiar og personlige tankar om kvifor sang betyr noko for enkeltmennesket. Både Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen og Kulturminister Linda Hofstad Helleland får tilsendt, og den blir også publisert på facebook.
KORT OM PROSJEKTET
Deltakarane sende inn filmsnuttar om eitt av følgjande tema:
Kvifor er sang viktig for deg?
Kvifor meiner du at sang høyrer heime i skulen?
_________________________________________________________________________________
BAKGRUNNEN FOR VIDEO-PROSJEKTET:
ORDET "SANG" ER FJERNA FRÅ LÆREPLANEN
Bakgrunnen for videoprosjektet er at ordet "sang" er fjerna frå den overordna delen av ny læreplan i skulen, og vi ser ein ein tydelig trend i at sang- og musikk får mindre plass i både lærarutdanning og skulesystem elles. Dette skjer til trass for at vi aldri før har hatt meir forskning som syner at sang stimulerer læringsevner, trivsel, fellesskapskjensle, kreativitet og evna til å fokusere.
SANGEN HAR MANGE POSITIVE EIGENSKAPAR
Vi veit at det å synge saman aukar nivået av tilknytningshormonet oxytocin og lykkehormonet dopamin i kroppen, og senkjer nivået av stresshormonet kortisol. Vi veit at det å synge kan skape meistringskjensle, at det er eit smart verktøy for bl.a. språklæring, og at det kan skape sårt trengde "pausar" i ein hektisk skulekvardag. Vi veit også at sang og musikk kan skape djuptgripande opplevelsar for dei som deltek- og høyrer på.
"Sangane er vår felles kulturarv. Det å synge gjer oss glade, og skapar fellesskap!" seier Liv Signe Navarsete (SP) i sitt bidrag til "Den stemmen jeg har"-kampanjen.
ALLE BØR FÅ SYNGE!
Vi i Krafttak for sang fryktar at sangen vil bli nedprioritert i skulekvardagen som følge av endringane i den nye læreplanen, og at dagens barn og unge vil gå glipp av moglegheiten til å bli kjend med kulturarva og fellesrepertoaret vårt, samt det å bli kjend med si eiga stemme. I tillegg meiner vi at det å fjerne spesifikke krav om sangbruk vil føre til at færre får oppleve dei mange trivselsfremjande og fellesskaps-byggjande kvalitetane som ligg i det å synge - både saman og for andre.
DESSE STØTTAR OPPROPET:
Krafttak for sang
Norges korforbund
Ung i kor
Musikernes fellesorganisasjon
Folkeakademienes Landsforbund
Fonoko
Norsk musikkråd
Musikkens studieforbund
Norsk sangerforum
Musikk i skolen
Musikk fra livets begynnelse
Klassisk
Unof/Nuso
Nasol
Norsk kulturskoleråd / Kor Arti´
Syngende skole
Syngende barnehage
Norsk viseforum
Kvedarforum
Folkorg
Norsk Jazzforum
Musikk i fengsel og frihet
Ung kirkesang
Alle spørsmål kan rettast til kommunikasjonsrådgjevar Iris Engen Skadal:
Ta gjerne kontakt dersom du elles lurer på noko!
Epost: iris.skadal@musikk.no
Tlf: 90212783